Melding frå Møre og Romsdal politidistrikt:

“Opphaldsforbod

Møre og Romsdal politidistrikt har med heimel i politilovas 97, 2. ledd, jf. 1. ledd vedteke at det skal innførast eit forbod mot opphald for alle på delar av Haramsøya i Ålesund kommune med unntak av personale som utfører arbeid for Haram Kraft A/Si samband med utbygginga av vindmøllepark på Haramsøy. Likeins personale knytt til drifta av jordbruksareala. Forbodet gjeld frå 24. august 2020 kl 00.00 til 24. september 2020 kl 00.00.Forbodet gjeld berre når det er anleggsverksemd: Mandag: kl 1130-1900, tysdag: kl 0700-1900, onsdag: kl 0700-1900 og torsdag kl 0700-1500.Kartet vedlagt viser grensene for opphaldsforbodet som vert sett i verk frå mandag 24. august 2020. Grunngjevinga for å innføre eit opphaldsforbod, er at det i lengre tid, ved fleire høve har vare ferdsel og annan aktivitet som har hindra Haram Kraft i å utføre/få utført arbeid i samband med oppføring av vindmøller på staden.Men det er også tillagt vekt at ferdsel i dette området utgjer ein tryggingsfaktor i samband med anleggsarbeidet.

Møre og Romsdal politidistrikt, Ålesund den 19. august 2020

Politimeister

Ingar Bøen”

Kart med skravert blått viser hva som dekkes av anleggsområdet. I tillegg viser dette turstier som kan benyttes uten å berøre område med ferdselsforbud.